søndag 31. januar 2010

Landskap med gravemaskiner - en tolkning.







Landskap med gravemaskiner
Formuler tema, og gjer greie for nokre sentrale verkemiddel og den funksjonen dei har i diktet Landskap med gravemaskiner av Rolf Jacobsen.

Diktet kom ut i 1954, i samlinga ”Hemmelige Liv”. Det er eit typisk Jacobsen dikt, på det settet at orda har ein truande klag over seg, som åtvarar mot menneskjers bruk av naturen omkring. Diktet har fleire trekk med modernismen, i måten det er satt opp på, med linjebrott, vendingar og at det er heilt utan rim. Dessutan er blikket retta mot teknologi og framskrittet ingen har heilt kontroll over, her vist ved gravemaskinar.
Temaet i diktet er at vi lar framskritta styre oss slik at vi ikkje lenger skjønner kor mykje skade vi gjer på naturen. ”De skal arbeide i århundrer og tygge blåklokkene
Om til asfalt.” Jacobsen skriv om maskinar som piskas rundt og aldri kviler, som øydelegg naturen og legg grunnlaga for asfalt, fabrikkar og høghus. Diktaren er kritisk til korleis vi heile tida tar oss til rette og utnytter naturen på alle sett og vis.
Jacobsen bruker fleire verkemidlar i diktet. Fyrst og fremst brukast besjeling, der gravemaskinane får tydelege menneskelige trekk. Gravemaskinane har til dømes øgne – i staden for lyktar, og lang hals med eit gap som om dei var personar. Dessutan får dei personliga eigenskapar med at dei etar blomstar, har rumlande mager og lenker rundt føtene.
Jacobsen har ein raud trå til pelikanar, fuglane med dei spinkle nakkane og det store nebbet. Ikkje heilt ulikt ein gravemaskin. Det eg trur diktaren vil vise er likskapen mellom pelikanen og maskinen. Begge har stor appetitt og får aldri nok.
Diktets siste strofe er ”Uten struper, uten stemmebånd og uten klage." Jacobsen avsluttar med å fortelje oss at maskinane er viljelause slavar, som styrast av oss, menneska. Difor burde vi ta tilbake kontrollen over dei.

Ingen kommentarer: